Gler seg til å sette sitt preg på festivalen

Måløy idrettslag si cheerdance-gruppe blir ein del av Elvisfestivalen i Måløy i sommar. Dei 13 jentene i gruppa gler seg til å stå på scena.

Dei 13 jentene i Måløy idrettslag si cheerdance-gruppe skal opptre på Elvisfestivalen. Dei skal koreografere og bidra med to dansar under teltshowet laurdag kveld.   Foto: Privat

Kultur

– Eg trur det blir veldig kjekt og litt annleis frå det vi gjer elles. Vi opptrer stort sett på juleoppvisinga og turnstemner, så det blir kjekt å opptre på noko anna enn det idrettslaget arrangerer, seier Martine Otneim, som er ein av medlemmane i særtroppen.