Opnar ny utstilling med kjend kunstnar

Laurdag opnar Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid utstilling med Roy A. Dahl.

Stiller ut: Roy A. Dahl skal stille ut i Gamlebanken på Nordfjordeid fra laurdag. Pressefoto 

Kultur

– Han er kjent og dyktig kunstnar som har vore ein kommisjonskunstnar i galleriet i ei årrekke, fortel gallerist Arve Espe.

Sist Dahl hadde separatutstilling var som Operakunstnar i 2009 der han hadde plakaten til Opera Nordfjord sin oppsetting av Carmen.

– Dette var året Operahuset vart opna, seier Espe.

Han fortel at Roy A. Dahl sin kunst er kjent over heile landet med mange utstillingar gjennom fleire år.

– Kunstuttrykka hans ligg innan landskap, personar i bevegelse og byinteriør.

Årets utstilling med Dahl i Gamlebanken har 30 bilde for sal, og navnet på utstillinga er Fargespel.

– Utstillinga vert opna av varaordførar i Stad kommune Siri Sandvik, seier Espe, som fortel at det også vert kunstnarlege musikkinnslag med Olga Pavlova og Tastamentet.

– Velkomne skal alle vere! avsluttar Espe.