Imponerte med musikal på samfunnshuset

Mellomsteget på Svelgen Oppvekst inviterte til musikalen «Stopp! Ikkje mobb!» på samfunnshuset sist veke. Den klare bodskapen kom fram gjennom musikk, song og skodespel frå dei unge elevane.
Kultur

Musikalen vart urframført i 2006 ved Haga skole og er laga av lærarane Helle-Ingunn Aaneland og Frode Skålevik. Seinare har fleire skular øvd den inn og vist den fram for sambygdingane. I Svelgen er det tredje gongen den blir sett opp og alle gongane har publikum fylt storsalen.