– Vi vil gje publikum ei flott oppleving med kunstutstilling, sceneshow og fortniteturnering

Laurdag 29. februar er det klart for UKM i Bremanger der ungdom mellom 10 og 20 viser fram talenta sine.

Her er deltakarane under UKM i Bremanger i 2019.   Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Vi vil i år gje Bremangerfolket ei flott oppleving med kunstutstilling, sceneshow og Fortnite- turnering! skriv arrangørane på Facebook nokre dagar før mønstringa går av stabelen.

UKM-mønstringa vil skje i Bremangerhallen i år.

I tillegg til kunstutstilling, sceneshow og Fortnite-turnering, vil elevane frå arbeidslivsfag i 9. klasse ved Hauge Skule ha open kiosk.

UKM er ein møteplass for ungdom og kultur, der fokuset ligg på å skape noko saman.

Her kan ein vise fram det ein brenn for, eller hjelpe andre å bli sett. I UKM er alle kulturelle uttrykk velkomne, enten det er song, fotokunst, cosplay eller moderne dans.