Lovar eit forrykande show under årets dansegalla

Laurdag 14. mars arrangerer Måløy Musikklag sitt årlege og storslegne tradisjonsarrangement – dansegallaen Dinnershow – i Samfunnshallen i Deknepollen.

Også i år arrangerar Måløy Musikklag «Dansegalla». Med godt bilettsal og plass til 400 tilskoderar gler arrangørane seg til kvelden.  Foto: Svanhild Breidalen

Kultur

– Publikum kan forvente seg eit forrykande show med topp lyd- og lyssetting, solistar og dansarar frå øvste hylle, seier leiar i musikklaget, Kjell Gunnar Tennebø, til Fjordenes Tidende.

Arrangørane dekker på til 400 gjester som dei håpar er svoltne på både god underhaldning og eit smakfullt måltid. Havets festbord har blitt eit fast og populært innslag på dansegallaen.

«Dansegallaen» har i mange år vore godt motatt av publikummet som stadig stiller opp.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Publikum får også oppleve mange lokale artistar på scena denne kvelden. Forutan musikantane i musikklaget sjølv, får ein sjå dansarar frå MIL Turn, ei rekke songsolistar henta både frå og utanfrå musikklaget, samt eit eige husband.

Innleigde solistar i år er Randi Melheim, Annette Simianne Myre, Hans Christian Helgesen, Chris Nedreberg Silden, Tone Hessevik, Anne Grete Degnepoll, Sonja Ellefsen og Gunnar Domstein. Dei vil synge nummer som er arrangert og tilpassa Måløy Musikklag og deira besetning.

Leverer eit show: Dansarar frå MIL Turn vil vere med også i år. Her er dei saman med Gro-Helen Haugen under fjorårets dansegalla.   Foto: Fjordenes Tidende

Mange i sving

Sjølv om mykje av førebuingsarbeidet er innarbeidd og går på «autopilot» – musikklaget har arrangert dansegalla sidan 1992 – fortel Tennebø at det krevst eit relativt stort apparat av frivillige og gode hjelparar for å få ein dansegalla av stabelen.

– Totalt er vi vel 50 personar som er involverte i dette showet, så vi er eit bra apparat som er i gang.

Førebuinga til årets show starta allereie i desember. Etter nissefesten og julekonsertar har øvinga til showet gått for full musikk. For sjølv om det er eit show der publikum får mykje variert underhaldning, er det musikklaget som er i sentrum.

– Sjølv om vi har både bar og kiosk er vi nøydde å ha eit danseorkester for å kome oss gjennom kvelden. Det har vore full gass sidan nyttår. Og den siste tida hatt øvingshelger og ekstraøvingar i hytt og pine, smiler Tennebø.

Avsluttar med dans

Det er mangeårig medlem, og primus motor, i musikklaget, Arve Hjelle, som står for regien av årets show. Og i kompaniskap med dirigent Tryggve Dyrvik, har ikkje Tennebø nokon tvil om at kvelden vil svare til forventingane.

– Når det kjem så mykje publikum, er vi forplikta til å yte vårt beste på scena!

Og heilt til slutt blir det tradisjonen tru spelt til dans. Det er Paul Sindrez Trio, som består av Paul Inge Angelshaug, Sindre Kvalheim og Bjørn Helge Syre, som tek over på scena når musikklag og solistar har levert sitt.