Må flytte festivalen til ei anna helg

Gymmen Americanafestival, som var planlagt laurdag 7. mars, er utsett, melder arrangørane på eiga Facebook-side.

Må bytte dato: Gymmen Americanafestival, som var planlagt laurdag 7. mars, er utsett, melder arrangørane på eiga Facebook-side. Bildet er frå fjorårets festival.  Foto: Siri Kolseth:

Kultur

Dei oppgir ingen grunn til at arrangementet no må utsettast, men skriv følgjande:

– Vi må dessverre flytte arrangementet til ein ny dato, og kjem attende med meir informasjon når dette er klart.


Lagar Americanafestival for tredje gong

– Også i år vil du kunne høyre fengande musikk med element frå folk, country, bluegrass og blues. På scena står artistar med både lokal og nasjonal forankring, skriv arrangørane.