Kjell Askeland er busett på slektsgarden på Askeland ved Davik. Det er 20–30 mål innmark og ikkje lett å få til tradisjonelt jordbruk. Men staden ligg idyllisk til med strandline og storslått utsikt over Nordfjorden mot Bryggja og Lefdal. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Skriv om folk han har møtt - og no kjem det ei ny bok

Kjell Askeland (76) har ein lidenskap for å møte gamle folk og få dei til å fortelje. Slikt blir det bøker av.