«Då freden kom til Osmundsvåg»

Dette lesarinnlegget er skrive av Liv Hopland.  Foto: Marianne Solheim Rotihaug

Kultur

Dette lesarinnlegget er skrive av Liv Hopland.

Her kjem ei lita forteljing om då freden kom til Osmundsvåg.

Samson Gangeskar røkta laksenøtene som hørde Storgarden til. Ein morgon fekk han to søner med seg i båten. Etter å ha «turka» laksen som var i laksenota, og det som var att etter dagen før, skulle dei til Raudeberg for å levere. Samson sat med framårane, og dei to gutane med kvar si bakår. Det vanlege var å ro mest sør til Hjertenes før dei svinga over, på grunn av straumen.

Dei var mest komne til Hjertenes då Samson såg eit flagg ved husa der. Det norske flagg! Då sette han handtaket på årane (årelommane) inn under knea, og klappa i hendene. Han heiv då hua frå seg i båten, og tårene kom fram på kinna, og han utbraut «No har da skjett da vi har venta på: Det er fred. Ja, da kom no ikkje uventa, vi har haurt da på radioen». (Det var tre karar som hadde gøymt unna ein radio i ein gjytt på Flatraket, og Samson var ein av desse.) Dei rodde vidare til Raudeberg og leverte. Vidare rodde dei med lette åretak inn i Osmundsvågen med den gode nyheita, og la til lands der.

Hjørdis Fure, som dreiv storgarden, og ei tenestejente, var inne ved elve og skylde kle. Då såg dei drengen kome hoppande og dansande inn mot dei. Han sa kva Samson fortalde. Då vart det slutt på klesvasken, og rett i hus for å dele gleda med dei som budde der. I ei leiligheit i storgarden budde då Hans Eide, kona Dortea, og borna Ole, Kåre og Dortea. Dei hadde nylig flytta dit, etter å ha vore tvangsevakuert, i likheit med resten av bygda. Hans spurde om det vart rømmegraut, før han sprang i robåten, og skubba frå land. Det tok ikkje lang tid før flagget var kome opp ved heimen hans, der tyskarane hadde vore husokkupantar heilt fram mot denne tid. Men tyskarar var det ikkje så mange av lenger.

Etter D-dagen i juni 1944, vart mange av dei mest stridsdyktige sende til fronten lenger sør. Her var det ikkje att så mange, og mange av dei som var att, var eldre.

Dette vart ein gledens dag i heile landet, også i Osmundsvåg, sjølv om det var få fastbuande i og med at dei fleste framleis var tvangsevakuerte – til Selja, Hagevik, Raudeberg, Flatraket og Silda. Og det vart rømmegraut!

No gledde dei seg til at det skulle bli normale tilstandar i bygda, og til at flyktningane skulle få flytte heim att. Praten gjekk nok lett over grauttallerknane den kvelden.