Har fire nye artistar klar, og ein av dei feirar tiårsjubileum sidan sist dei var på festivalen

Malakoff Rockfestival har begynt å sleppe artistane som skal spele under festivalen i 2021.

Berørt i 2011: I 2021 er det ti år siden Bo Kaspers spilte på Malakoff sist. Bo Kasper (t.v) var synlig ute av seg på grunn av terrorhendelsene i Oslo og på Utøya og hadde gjort endringer i sangvalget på grunn av det. Bandet leverte likevel en flott konsert med mange av de kjente sangene.  Foto: Svanhild Breidalen

Kultur

Onsdag 27. mai slepte dei dei fem første artistane, som er Dagny, Cezinando, Cult of Luna, lokale Jackbow og Bokassa.

Torsdag 28. mai blei det kjent at også svenske Bo Kaspers orkester og punktrashmetalbandet Drittmaskin. Kjem gjer også Astrid S og Nothing but Thieves.

Festivalsommaren 2020 vart dessverre avlyst, men dermed er lysta på festival i 2021 større enn nokon gong, ifølge festivalleiinga. Malakoff-festivalen som vert arrangert på Nordfjordeid har vore utsolgt dei fire siste åra med over 30.000 besøkande og 6000 stk på festivalcamp. No er dei klare for å sjå framover mot neste sommar.

– Vi merkar at folk er utruleg gira på å samlast på festival igjen, og spår at festivalsommeren 2021 vert euforisk, fortel festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Malakoff Rockfestival blir arrangert 22-24. juli 2021.