Koronapandemien har ikkje endra planane om nytt senter

– Vi skal framleis flytte til nye lokale i løpet av hausten

– Det har vore nokre lange månedar, fortel driftsleiar Torill Eide Tennebø etter at Måløy treningssenter endeleg fekk opne igjen 15. juni. Og pandemien har ikkje ført til endringar i flytteplanane.

Positiv: Driftsleiar Tennebø gleder seg til å flytte til nye lokaler.  Foto: Andreas Hellenes

Kultur

– Vi har trua på at den investeringa og satsinga vi gjer mot eit nytt treningssenter er viktig. Folk er gira på eit nytt og større senter. Vi flyttar til nye lokale i løpet av hausten, men vi kan ikkje love nokon dato, seier Tennebø.


Treningssenteret får nye lokaler

– Dette har vært målet vårt lenge, og nå skjer det

Måløy Treningssenter flytter til nye lokaler i Måløy Brygge neste år. – Målet vårt har vært å videreføre et fullskala treningssenter midt i Måløy sentrum, og nå skjer det, sier medeier Thomas Hjelle.


Koronapandemien har ført til at mange bedrifter har måtte utsetje framtidige investeringar og andre framtidsplanar. Tennebø fortel til Fjordenes Tidende at pandemien har påverka treningssenteret, men at planen framleis er å flytte til nye lokaler i Måløy Brygge løpet av året.

Måløy treningssenter har drive i 20 år, og dermed opparbeida seg ein del lojale kundar.

– Vi har vore heldige som har hatt så snille og lojale kundar. Dei har latt medlemsskapet sitt gå som normalt desse tre månadane. På grunn av dette har vi fått ei lita inntekt, fortel Tennebø.

– Godt å vere tilbake

Markus Eide Nordbø (21) er ein av dei som synest det er godt å vere tilbake på treningssenteret.

– Det er herleg å vere tilbake. Eg har fått trent litt heime og lånt litt vekter av treningsstudioet. Men det er likevel godt å komme i gang igjen her på treningssenteret, seier han.

Fornøgd: Nordbø er glad for å vere tilbake på treningssenteret.  Foto: Andreas Hellenes

På treningssenteret er det ein del koronareglar. Driftsleiar Tennebø seier at god handhygiene, avstandsreglar og vask av utstyr er dei aller viktigaste. I tillegg skal man halde seg heime dersom man er sjuke.

– Eg synast ikkje det er travelt å måtte halde styr på koronareglane. Personleg tykkjer eg at desse hygienetiltaka alltid skal vere her, avsluttar Nordbø.