Ferietips i Norges vakraste region

Opplev sjøfartshistoria på nært hald

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Eirik Gard Endal

Kultur

Fjorden har alltid vore viktig for tettstadane langs kysten. I Florø kan ein finne båtane MS Atløy og galeasane Svanhild og Loyal. Sistnemnde er verdas eldste seilande galeas.

I mange år frakta MS Atløy passasjerar for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. I dag er båten den einaste av Fylkesbaatane sine førkrigsskip som er tatt vare på i opphavleg stand. Svanhild og Loyal frakta fisk i fleire tiår.

Sidan har båtane blitt restaurert og sett tilbake til slik dei var som nye. Dersom du ønsker ein utflukt med eit tradisjonsrikt skip er det mogleg å leige både MS Atløy, Svanhild og Loyal til ulike føremål.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.