Ferietips i Norges vakraste region

Ta ein stopp og nyt kunst og kaffi

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Privat

Kultur

Torill Bernatek driv Lundgarden på Tunheim på Fiskå. Der har ho atelier og ei gamal tømmerstove der det blir utstillingar i sommar.

Bernatek har ikkje faste opningstider, men Lundgarden er open når det står plakat ved vegen, og ho kan elles halde ope på førespurnad.

Når det er ope har Bernatek enkel servering.

Ein kan følge Lundgarden Galleri og Kafé på Facebook for å bli oppdatert på kva som blir stilt ut og kven som er årets kunstnar på galleriet på Tunheim på Fiskå.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.