Ferietips i Norges vakraste region

Møt hjorten på øyperla

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Johan Trygve Solheim

Kultur

På Svanøy ligg Norsk Hjortesenter, der det føregår oppdrett og forsking på hjort.

Senteret tilbyr omvising, der ein mellom anna kan bli med på foring av hjortane, kurs og seminar, og ein kan kjøpe produkt som hjortekjøt og hjorteskinn. Ein kan også få omvising på hjortesenteret og resten av øya, inkludert Svanøy Hovedgård, med Visit Fjordkysten frå juni til august.

Det går bilførande båt til Svanøy frå Florø, som har fleire daglege avgangar.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.