Fjordenes Tidendes digitale scene

Bjørn Inge får med seg dottera Miriam og Berge Trio på den digitale scena laurdag

Bjørn Inge Berge flytta tilbake til heimbygda Selje for 15 år sidan, etter 30 år i Bergen. Planen var å vie meir tid til musikken, noko som resulterte i låtskriving og det første soloalbumet Rusletur bak tid og rom. No er Berge klar for neste plateprosjekt, men først speler han på Fjordenes Tidende si digitale scene klokka 19.30 laurdag.

Bjørn Inge Berge flytta tilbake til heimbygda Selje for 15 år sidan, etter 30 år i Bergen. Planen var å vie meir tid til musikken, noko som resulterte i låtskriving og det første soloalbumet Rusletur bak tid og rom. No er Berge klar for neste plateprosjekt, men først speler han på Fjordenes Tidende si digitale scene.  

Kultur

Den første plata fekk ein del radiospeling, og låten Komme det som komme må låg på 2. og 1. plass på fylkestoppen lenge.

No er Bjørn Inge klar for å gjere det igjen.

– Eg har lenge hatt planar om nye plateinspelingar, og etter litt helseutfordringar er eg endeleg i gang. Denne gangen vil eg gjerne skape eit levande, live lydbilde før eg går i studio, framfor å konstruere på klikk med studiomusikarar. Derfor har eg fått med meg Jon Inge Sigerland på tangentar og William Mitei på trommer, seier han og legg til:

– Dette er to lokale musikarar som meistrar å skape eit lydbilde eg trivst i. Begge har eg spelt ein del med i forskjellige prosjekt, mellom anna kompa vi Aleksander Rybak på eit par konsertar. Og der kom Jon Inge si gode skulering i komposisjon og arrangement godt med i kor- og blåsararrangement. Ein del låtar er på vent, men cirka 20 har vi jobba med dei siste vekene, med tanke på å prøve dei ut live. Ein del av desse speler vi også på digitalkonserten i Parken Kulturhus som blir vist på Fjordenes Tidende.

I tillegg dukkar dottera til Bjørn Inge Berge opp på digitalkonserten.

– Ja, det må vi ikkje gløyme, mi kjære dotter Miriam Berg, som uventa dukka opp dagen før og øver inn kor på tre låtar. Ho har ikkje særleg mikrofon- og banderfaring, men som med mine andre barn har ho vokst opp med song og musikk. Så dette kan bli kjekt og spanande!