Ferietips i Norges vakraste region

Lær deg å ri bølgene på Stad

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Siri Kolseth

Kultur

Hoddevik og Ervik har blitt eit surfeparadis for både lokale og tilreisande frå heile verda, og er ikkje lenger ei skjult perle. Hoddevik er plassen for leik i bølgjene, anten det er sommar eller vinter.

Storslått natur og skjerminga frå fjella rundt gjer det til ei spesiell oppleving. Det er mogleg å leige surfeutstyr, ta surfekurs og overnatte i Hoddevik.

Campingplassen med sanitæranlegg for både camping- og badegjestar finst rett ved sanden.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.