Her har dei lokale sommarvikarane hatt ei stor rolle i restaurantens sommarsuksess

På Havfruen i Måløy har den aukande norgesturismen ført til at restauranten har måtte tilsette ekstra sommarvikarar gjennom heile sommaren. – Eg var ikkje førebudd på at det skulle komme så mange turistar, seier sommarvikar Rikke Runderheim (21)

Sommarvikarane: F.v. Ronja Hagen Søraa (19), Rikke Runderheim (21), Johanne Trollebø Kvalheim (22) og Rakel Almenning Oldeide (15) er fire av dei ni sommarvikarane som har jobba på Havfruen denne sommaren.  Foto: Andreas Hellenes

Kultur

– Først og fremst var det jo eigentleg berre ei deltidsstilling, der eg skulle jobbe litt inn i mellom som ekstrahjelp. Men plutseleg vart det kaos, fullt trykk og masse folk, fortel den lokale 21-åringen.