Ferietips i Norges vakraste region

Her kan du sjå kystbyen frå høgda

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Visit Fjordkysten

Kultur

Den nesten 300 meter høge åsen er eit populært turmål i området, og kan nåast både til fots og med sykkel. Det er mange stiar å velje mellom på vegen til toppen, og ein kan mellom anna starte frå Torvmyrane, Solheim eller ein parkeringsplass i Brandsøy.

Når du har kome på toppen av åsen, kan du nyte utsikta over Florø, fjorden og øyane i Florabassenget. På toppen av Brandsøyåsen er det laga til gapahuk og benkar der ein kan ete turnista si.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.