Markerer fyret sitt 150 års jubileum med bokutgjeving

I september vil Ulvesund fyr fylle 150 år. I den anledning har driftsansvarleg på fyret, Sølvi Hopland, samla fyret si historie i ei splitter ny bok.

Jubileum: Ulvesund fyr vart bygga og tent i september 1870. I år fyller dermed fyret 150 år, og det ville driftsansvarleg Hopland markere med ei bok.  Foto: Andreas Hellenes

Kultur

– Eg har hatt ein tanke om å samle livshistoria til Ulvesund fyr heilt sidan eg fekk nøkkelen til fyret i 2003. Ei bok om korleis fyret har stått her i både gode og vonde dagar i 150 år, og korleis samfunnet har utvikla seg gjennom åra, opplyser Hopland som har drive fyret i dei 17 siste åra.