Stilte opp sjølv om festivalen vart avlyst

Kalvåg Kystlag baud på tørrsild, og var med og skapte liv og røre, sjølv om det ikkje vart kystfestival.

Liv og røre: Kystlaget kom med eigenprodusert tørrsild og stilte med mellom andre Jannike Brenden Frøyen (f.v.), Karin Andal, leiar Bjarne Pedersen, Arvid Smedvik og Henry Nøttingnes.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Vi har igjen mykje tørka sild som var laga for å selje på kystfestivalen, og noko har vi tatt med for å selje på stand, seier Bjarne Pedersen, leiar i Kalvåg Kystlag.