Blir først ut når kinoen igjen opnar dørene

Fredag opnar Måløy kino dørene igjen. Først ut er ein dokumentar om Elvis Presley, før publikum får sjå artisten som skodespelar i King Creole.

Fredag viser Måløy kino ein dokumentar om Elvis Presley og ein spelefilm med kongen av rock and roll i hovudrolla. Her Anne Grethe Strand og Geir Tharaldsen.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Kultur

– Det å vise desse filmane når det er festival har vore, og er, eit fint krydder. Det er jo Elvis vi held på med, og når Måløy kino er så kjekke å la oss vise filmar, så er det kjekt å nytte seg av det, seier Elvis-entusiast Geir Tharaldsen.