Gjer seg klar for ei annleis festivalveke

Sender konsertane direkte ut til heile verda

Då det vart klart at ein ikkje kunne arrangere ein vanleg elvisfestival i år, heiv arrangørane seg rundt og kom opp med eit alternativ. No blir festivalteltet utvida til å inkludere heile verda ved å sende konsertane direkte over nettet.

Klare for konsertar: Komiteen med Kim Hjelle (f.v.), Jorunn Totland, Helge Hjelle, Anita Bjerkås Olsen, Jakob Myrestrand og fremst Isak Søraa er klare for ei annerleis «festivalveke».   Foto: Marianne S. Rotihaug

Kultur

– Både kyrkjekonsertane og arrangementa i Måløy blir sendt direkte på video på heimesidene til Fjordenes Tidende og Elvisfestivalen. Det betyr at ein kan sitte i Elvis Presley sin fødeby Tupelo, eller i Lofoten eller på Kvalheim og få med seg konsertane, fortel festivalsjef Helge Hjelle.

Konsertane 5. august frå Bøler kirke i Oslo og konserten på Torget i Måløy laurdag 8. august skal overførast direkte på Fjordenes Tidende si heimeside og Elvisfestivalen si heimeside. Her kan alle ta del i elvisstemninga.

– Dette er første gongen vi testar ut streaming av konsertane og eg trur det blir ei fantastisk oppleving, seier Hjelle.


Blir først ut når kinoen igjen opnar dørene

Fredag opnar Måløy kino dørene igjen. Først ut er ein dokumentar om Elvis Presley, før publikum får sjå artisten som skodespelar i King Creole.


Tar med festivalen til Oslo

Som ei erstatning for at det ikkje lar seg gjere å gjennomføre ein vanleg festival i år, har arrangørane plukka ut tre punkt frå det vanlege festivalprogrammet som ein ønskjer å gjennomføre. Dette er kyrkjekonsert, Elvis-torg i Måløy og ein stor konsert laurdag kveld.

– Vi har flytta kyrkjekonserten til Bøler kirke i Oslo. Eg har fått nokre spørsmål om kvifor vi har gjort det, og grunnen til det er at heile orkesteret vårt, på 12–13 mann bur i Oslo. I tillegg har kyrkja PA- og streaminganlegg, så vi sparar ein del pengar på å ikkje ha orkesteret i Måløy ei heil veke og at der er utstyr.

Av dei beste: Morgan Vøien (bilete) og Isak Søra, som Helge Hjelle omtalar som to av dei beste tributeartistane i Norge, opptrer på konsertane i Bøler kirke og i Måløy.   Foto: Jørn-Arne Tomasgard

På scena i Bøler kirke står tributeartistane Morgan Vøien og Isak Søraa, samt Terje Våge og The Brothers som består av Isak, Sverre og Espen Søraa. Orkesteret Sideshow Bob og deira korgruppe skal også bidra til ei flott stemning i kyrkja.

Elvis-torg og lekter-konsert

Etter konsertane i Oslo set arrangørar og artistar kursen mot Måløy. Laurdag 8. august lovar komiteen elvisstemning når dei opnar Elvis-torget. Dette arrangementet er ope for alle.

– Gjennom heile laurdagen blir det underhaldning og stemning på Torget, fortel Hjelle.

Her blir det underhaldning frå Gunnar Jovik, som blir omtala som Måløy sin Jim Reeves, og trubadur Jakob Hals. På Torget blir det også sal av effektar frå festivalen.

– Og så skal Måløy Musikklag gå i parade gjennom Gate 1. Dei endar på Torget, og underheld litt der, seier festivalsjefen.

Eige kor: Elviskoret skal vere med å sette stemninga når konserten på taket av lekteren i Måløy går av stabelen laurdag kveld.  Foto: Privat

Laurdag ettermiddag sperrar arrangørane av Torget og gjer klart for konserten «Elvis in Måløy». Frå taket på lekteren skal Morgan Vøien og Isak Søraa, saman med The Brothers, Elviskoret, Måløy Songlag og Sideshow Bob framføre 24 av Elvis sine beste låtar.

Stemmer i: Måløy Songlag skal saman med artistar, orkester og Elviskoret sørge for at publikum får ei fantastisk oppleving når 24 av Elvis Presley sine låtar skal framførast i Måløy. 

Gjer koronatiltak

Grunna restriksjonane knytt til koronapandemien kan arrangørane berre sleppe inn 200 personar på Torget denne kvelden, og Hjelle er klar på at dei tar smittevernreglane på alvor.

– Torget er den ideelle plassen. Der er god plass, og vi oppmodar folk til å ta med seg campingstolar slik at ein kan sitte litt spreitt, i tillegg til at ein kan sitte på restaurantane som ligg innanfor konsertområdet. Vi har også handsprit ved inngangen.

Grunna at ein berre slepp inn 200 personar skal ein overføre konsertane direkte. Men festivalsjefen seier det kostar å arrangere konsertar.

– Vi håpar jo å lande med beina på jorda, så det er kjekt om alle som ser på konserten på direktesendingane vil støtte oss med å vipse ein symbolsk billett.