Mange ville få med seg konserten

Fylte to kyrkjer med digitale publikummarar

900 unike brukarar følgde direktesendinga av Elvis-konserten i Bøler kirke onsdag kveld.

F.v. Espen Søraa, Sverre Søraa, Isak Søraa og Morgan Vøien, samt Terje Våge var solistar under konserten i Bøler kirke.  Foto: Tovita Razzi

Kultur

Elvisfestivalen i Måløy valde i år å gjennomføre den tradisjonelle kyrkjekonserten i Bøler kirke. For at publikummet i regionen likevel skulle få ta del i konserten, valde arrangørane å sende dei to konsertane direkte, blant anna på Fjordenes Tidende si nettside.

På fjt.no var det 900 unike brukarar som følgde konsertane, og 1.600 sidevisningar. Kyrkjekonserten i Sør-Vågsøy kirke kan maksimalt huse 450 publikummarar. Og Hjelle gler seg over at ein fylte to kyrkjer med digitalt publikum.


Tok med seg Elvis-stemninga til Oslo

I Bøler kirke i Oslo sørga mellom andre Isak Søraa og Terje Våge for å gi hovudstaden Elvis-stemning.


– Vi har strøyma konserten på fleire plattformer, og tilbakemeldinga var at det under den andre konserten sat 2.200 folk og såg på, på andre plattformer enn Fjordenes Tidende, så totalen er ganske stor.

– Eg har fått mange positive tilbakemeldingar frå måløyværingar som har følgt konserten digitalt, og det set vi stor pris på.

Laurdag er det klart for ein ny konsert med nye songar og eit nytt scenebilete. Denne konserten vil også bli sendt direkte på fjt.no og Elvisfestivalen si heimeside.