Ferietips i Norges vakraste region

Her kan du bli kjent med helgenhistoria

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Fjordenes Tidende

Kultur

På øya Selja kan du fordjupe deg i historia om Sankta Sunniva.

Den irske kongsdottera var, ifølgje legenda, på flukt frå vikingar og kom til Selja. Her vart ho gravlagt i ei steinrøys, men kroppen vart seinare funnen heilt intakt. Vernehelgenen for Vestlandet var eit faktum.

Selja kloster- og helgenanlegg er eit av dei best bevarte anlegga i landet, og her kan ein vandre i ruinane som ligg i storslått natur med utsikt rett mot havet.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.