Tok med seg Elvis-stemninga til Oslo

I Bøler kirke i Oslo sørga mellom andre Isak Søraa og Terje Våge for å gi hovudstaden Elvis-stemning.

Elvisfestivalen i Måløy tok med seg mellom andre Måløy sin eigen Elvis, Isak Søraa (t.v.), og den djupe bassen frå Vågsvåg, Terje Våge, til kyrkjekonsertane i Oslo onsdag kveld.   Foto: Tovita Razzi

Kultur

På scena stod tributeartistane Morgan Vøien og Isak Søraa, samt Terje Våge og The Brothers som består av Isak, Sverre og Espen Søraa. Orkesteret Sideshow Bob og deira korgruppe bidrog også til ei flott stemning i kyrkja.

Her kan du sjå nokre bilete frå dei to konsertane:

F.v. Espen Søraa, Sverre Søraa, Isak Søraa og Morgan Vøien var solistar under konserten i Bøler kirke.  Foto: Tovita Razzi

Sideshow Bob, som har blitt Elvisfestivalen sitt faste orkester, var også på plass i Bøler kirke.  Foto: Tovita Razzi

Isak Søraa song fleire av Elvis sine kjende gospellåtar i kyrkja. Her ein duett.   Foto: Tovita Razzi

Brørne Søraa levere fleire flotte låtar i kyrkja. F.v. Sverre, Espen og Isak.  Foto: Tovita Razzi

Festivalsjef Helge Hjelle opna kyrkjekonsertane i Bøler kirke.  Foto: Tovita Razzi

Publikum, både i kyrkja og dei som følgde den direktesende konserten på heimesidene til Fjordenes Tidende og Elvisfestivalen, fekk ei flott oppleving onsdag kveld.   Foto: Tovita Razzi

Korgruppa til Sideshow Bob var med og bidrog til den fine stemnniga i kyrkja.  Foto: Tovita Razzi

Morgan Vøien og Isak Søraa blir av mange omtalt som to av Norge sine beste tributeartistar.   Foto: Tovita Razzi