Opnar dørene igjen

Har tatt grep for å gjere kinopplevinga trygg for publikum

Denne helga opnar Måløy kino dørene igjen, og Anne Grethe Strand fortel at dei har gjort ei rekke tiltak for å gjere kinobesøket trygt.

Gler seg til kino: I helga opnar Måløy kino igjen dørene. Først på programmet er filmen «Knerten og sjøormen», ein film som Ragnhild Kristianne (3) og Viktoria Kristin Strand Kandal (11) gler seg til å sjå. Anne Grethe Strand ved kinoen seier dei har gjort fleire tiltak for å gjere kinoopplevinga trygg for publikum.  Foto: Marianne S. Rotihaug

Kultur

– Einmetersregelen må vi framleis ta omsyn til, så vi har valt å selje billettar på annankvar rad. Vi sel rad 2, 4 og 6 på ei førestilling, og rad 1, 3 og 5 på neste, fortel Strand.

Det er også gjort endringar i bookingsystemet slik at når ei gruppe har kjøpt billettar, vil neste gruppe få tilbod om billettar to seter lenger borte.

– Difor oppmodar vi folk om å kjøpe billett på førehand, seier Strand, som fortel at dei også har gjort tiltak med merking på golvet og at det er handdesinfeksjon ved inngangen. Også i kiosken er det gjort tiltak med restriksjonar.

Dermed ligg alt til rette for trygge kinoframsyningar når Måløy kino igjen opnar dørene denne helga. Først ut på programmet er Knerten.

– Vidare utover hausten har vi fleire godbitar. Det blir Brannmann Sam, thrilleren Tenet og James Bond. Og i slutten av september kjem Børning 3, fortel Strand.