I kveld kan du sjå den store Torgkonserten her på fjt.no

I kveld arrangerer Elvisfestivalen konserten «Elvis in Måløy» frå Lekteren. Denne kan du følge direkte på fjt.no og Elvisfestivalen si heimeside.

Arrangørane gler seg til ny konsert og nye låtar på lekteren i kveld.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Kultur

Grunna koronarestriksjonar er det ei annleis festivalveke for arrangørane. Onsdag var det to direktesende konsertar frå Bøler kirke i Oslo og fredag var det framsyning av dokumentaren Elvis 56 og spelefilmen King Creole på Måløy kino.


Klare for ny konsert laurdag

– Ei heilt spesiell oppleving

Ny kyrkje, ny by og å synge med brørne sine. Det vart ein spesiell kveld for Måløy sin eigen Elvis, Isak Søraa, som er klar for ein heilt ny konsert i Måløy laurdag.


I dag, laurdag, er det klart for Elvis-Torg med underhaldning og festivalstemning på Torget i Måløy.

I kveld blir lekteren gjort om til ei scene og Morgan Vøien, Isak Søraa og The Brothers skal saman med Elviskoret, Måløy Songlag og orkesteret Sideshow Bob sette heile Måløy i Elvis-stemning. Her stiller artistane med 24 av Elvis sine beste låtar.


Tok med seg Elvis-stemninga til Oslo

I Bøler kirke i Oslo sørga mellom andre Isak Søraa og Terje Våge for å gi hovudstaden Elvis-stemning.


Arrangørane har sett eit tak på 200 billettar grunna restriksjonane knytt til koronaviruset. Dei som ikkje får plass på Torget eller ønskjer å få med seg showet frå ein annan stad kan følge konserten på fjt.no frå klokka 18. 30.


Gjer seg klar for ei annleis festivalveke

Sender konsertane direkte ut til heile verda

Då det vart klart at ein ikkje kunne arrangere ein vanleg elvisfestival i år, heiv arrangørane seg rundt og kom opp med eit alternativ. No blir festivalteltet utvida til å inkludere heile verda ved å sende konsertane direkte over nettet.