Ferietips i Norges vakraste region

Her kan du lære om kysthistoria

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Eirik Gard Endal

Kultur

I sjøkanten litt utanfor Florø sentrum kan ein finne Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Her er det mellom anna faste utstillingar om båtar og sjøhistorie frå området, det tradisjonsrike sildefisket og om Florø si 160 år lange byhistorie.

I tilknyting til museet ligg også Snorre-ankeret, som har ei utstilling om den norske oljeverksemda. Museet vart oppretta i 1980, og bygga og holmane er bunde saman med eit nett av stiar og gangbruer.

Kystmuseet eig også fleire historiske anlegg langs kysten, som Vamråk Sildesalteri i Kalvåg og Vågsberget utanfor Måløy.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.