Ferietips i Norges vakraste region

Inviterer til golf på naturgras

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Vanylven golf

Kultur

På Eidså ligg Vanylven golfpark. Her kan ein spele golf på naturgras, og med smale fairwayar, utfordrande bunkerar og omgitt av skog og elvar framstår golfparken som ei spennande og utfordrande bane.

Andre fasilitetar på anlegget er klubbhus med kjøkken/toalett/dusj, møterom og ein liten proshop med det mest nødvendige. Det er også ein driving range med ballautomat, og det er mogleg å leige golfkøller.

Gjennom sommaren blir det interne turneringar og kurs. Nytt av året er eit spesielt tilbod som klubben har kalla vegen til golf. Dette er gratis kurs, medlemskap og spelerett på bana for 2020. Når ein har tatt dette kurset og er medlem i ein golfklubb, kan ein spele på stort sett alle baner rundt om i verda.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.