Ferietips i Norges vakraste region

Besøk den historiske kyrkjegarden og kapellet

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Fjordenes Tidende

Kultur

Rett ved stranda i Ervik finn ein den særprega kyrkjegarden som inneheld ei stor samling støypejernskross.

Ved kyrkjegarden ligg Ervik kyrkje, som er eit minnekapellet etter St. Svithun-ulukka i 1943. Då vart hurtigruteskipet St. Svithun seinka av engelske jagarfly, som trudde det var tyske soldatar om bord. 50 menneske drukna og 78 vart redda av lokalbefolkninga.

Kapellet har skipsklokka til St. Svithun sett opp i klokketårnet.

12. juli skulle ein eigentleg feire at Ervik kyrkje er 50 år, men den større jubileumsmarkeringa har Ervik sokneråd utsett til 2021.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.