Skal dele ut 300.000 kroner til dei som lagar kulturaktivitetar for andre

Kinn kommune lyser no ut kulturmidlar.

Kinn kommune lyser no ut kulturmidlar. Her Måløy Musikklag som spelte under Elvisfestivalen sitt arrangement i Måløy tidleg i august.   Foto: Gjert Myrestrand

Kultur

Dei 300.000 kronene er tenkt til lag, organisasjonar og profesjonelle kulturutøvarar med tilknyting til Kinn kommune som driv med kulturaktivitetar for innbyggarane i kommunen.

Det opplyser Kinn kommune på sine nettsider.

Det er oppvekst- og kulturutvalet som avgjer den endelege fordelinga av midlane. Tildeling blir behandla i utvalet 22. september.