Ferietips i Norges vakraste region

Viser fram den store båtsamlinga

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Fjordenes Tidende

Kultur

Åram Sogelag har ei rik modellbåtsamling i enden av Hakallestranda. Her kan ein sjå samlinga, som mellom anna byr på miniatyrar av Titanic og Noahs ark, så vel som færingar, jekter, dampskip, rutebåtar, redningsskøyter, orlogsskip som Wasa, Bounty og Victory, klipparar som Cutty Sark og polarskipa Gjøa og Fram.

Utstllinga viser utviklinga av båtypar knytt til både lokal- og verdshistorie.

Åram Sogelag vil halde ope museum i sommar og ein kan ta kontakt med sogelaget om ein er interessert i omvising.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.