Sunnivafestivalen

Her startar ferda for skrinet som Elisabet og Dina skal følgje på ein sjudagers seglas

Denne helga går Sunnivafestivalen 2020 av stabelen i Selje. Fredag kveld stod kveldsbøn, fakkeltog og avskjed med ein kopi av Sunnivaskrinet på det rikhaldige festivalprogrammet.

Stad-ordførar Alfred Bjørlo og Isak Rutledal var to av fire som frakta kopien frå Selje kyrkje til Klosterbåten. Her står dei saman med dei fire unge jentene som skal vere med å frakte skrinet vidare frå Selja til Bergen. F.v. Dina Øien, Sunniva Aadland Høen, Alfred Bjørlo, Isak Rutledal, Elisabet Osdal og Victoria Elise Lid.  Foto: Andreas Hellenes

Kultur

Kopien av Sunnivaskrinet vart frakta frå Selje kyrkje, over Seljesanden og bort til Klosterbåten som skulle frakte skrinet ut til Selja.