Klassereisen til Sauda

– Det fyrste som slår meg når eg tenkjer på dei tre åra i Sauda, er kor uendeleg langt det var dit, og kor rart det var at vi enda opp i ei bygd vi ikkje ante noko om

Då eg var 14 år gammal, året var 1962, var mor mi og eg på påskeferie i Hellandsbygd i Sauda kommune. Eldste syster mi, Eli, budde der nokre år fordi mannen hennar jobba som lærar i bygda.

Frå Grisefesten: På dette bildet ser ein russekullet ved Sauda gymnas i 1967. Her er dei klare til fest. Den såkalla «grisefesten» markerte starten på russetida.  Foto: privat

Kultur

Det var i Hellandsbygd det blei bestemt at den to år eldre syster mi, Mirjam, skulle gå på gymnas i Sauda. Det var trygt og greit fordi ho hadde storesyster i nærleiken. Dette blei opptakten til ein liten Måløy-invasjon i Sauda. Vi gjekk på realskule i Måløy. Der måtte vi gjere unna på to år det dei fleste kunne bruke tre år på. Sidan skulen ikkje hadde eksamensrett, måtte vi opp til eksamen i absolutt alle fag. I andre klasse hadde vi eksamen annankvar dag i ein heil månad. Noko som sjølvsagt var krevjande for 16-åringar.

Dermed blei karakterane kanskje ikkje så gode som dei elles kunne ha blitt. Det var ikkje gymnas i dei fleste kommunar den gongen, og det var mange som ikkje hadde nok poeng til å komme inn på dei nærmaste landsgymnasa i Volda og på Sandane. I Sauda var det ikkje elevar nok til å fylle opp klassane, så der tok dei imot folk utanfrå med opne armar. Og ingen må tru at vi tilreisande drog ned nivået i klassane.

Fann vener: Jarl Wåge (t.v.) saman med ein kamerat under skuletida i Sauda.  Foto: privat

Mirjam, syster mi, fekk med seg tre til frå sitt kull til Sauda i 1962. Året etter reiste enda fleire. I mitt kull var vi minst åtte. Det var vågsøyværingar i fire klassetrinn på rad. Etter det blei det ungdomsskule i Måløy og etter kvart også vidaregåande. På det meste var vi 18 elevar frå Måløy-distriktet samtidig ved Sauda Gymnas. Frå 1962 til 1968 var vi bortimot 30 vågsøyværingar der.

Gym: Kirsti Kragset frå Måløy (i midten, bakarste rekke) var blant dei som gjekk på Sauda gymnas.   Foto: privat

Det var langt å dra

For folk frå distriktet vårt var det nesten naturstridig å reise heilt til Sauda på gymnas. Det var uendeleg langt. For å komme oss dit, var det å ta nattrutebåt frå Måløy til Bergen klokka 20.00. Han kom fram ca klokka 07.00 neste morgon. Så var det å gå rundt i byen og vente på sunnhordalandsbåten som gjekk klokka 15.00 til Ølen. Derifrå var det buss som var framme i Sauda klokka 23.00 om kvelden.

Heimvegen kunne bli enda lenger om vi reiste på ein dag det ikkje gjekk fylkesbåt frå Bergen til Måløy. Tre timar i buss frå Sauda til Ølen. Vidare med nattrute frå Ølen til Bergen. Der måtte vi gå til klokka 22.00 om kvelden og vente på hurtigruta som kom til Måløy halv åtte neste morgon. Då hadde vi vore på reisefot i nærmare 40 timar. Du, så leie vi blei av å gå rundt i Bergen. «Det var den tiden jeg gikk rundt i Bergen og ventet.» Vi tilbrakte mest mogleg tid på ulike kafear, blant anna på Hordaheimen og Misjonskafeen. Det var ikkje flust med pengar, så når dei tykte vi hadde sete der lenge nok, blei vi kasta ut.

Aktive: Jarl Wåge i robåt i Sauda.   Foto: privat

Mykje lengt og mykje sakn

Vi var 16-åringar på alvor heimanfrå for aller fyrste gong. Og så uendeleg langt heimanfrå. Så langt at vi drog heim berre til jul, påske og sommar. Å, så inderleg eg gledde meg til å reise heim fyrste jula. Eg talde dagar og til slutt timar til eg kunne setje meg på bussen til Ølen. Og så forferdeleg som eg grudde meg til å reise attende etter jul.

Fyrste året handla mykje om lengt og sakn. Etter foreldre, familie og vener som eg hadde vakse opp med. Etter den trygge heimen og bygda som eg hadde vore ein del av. Fort oppdaga eg at «mors kjøtkaker» ikkje er ein klisjé. Endeleg gjekk det opp for meg for ein formidabel innsats mi og andre mødrer gjorde på heimefronten.

No låg det ikkje lenger ferdigpakka niste i skulesekken. Det var ikkje automatisk nyvaska og nystrokne klede i skap og skuffer. Eg hadde ikkje mat i hus om eg ikkje handla inn sjølv. Og ingen mat på bordet om eg ikkje laga han sjølv. Eg oppdaga at golva ikkje vaskar seg sjølve. Men det gav oss mykje nyttig lærdom, og vi blei ganske så sjølvstendige. På mange måtar stilte vi med handikapp i høve til klassekameratar frå Sauda som framleis hadde dette servicetilbodet heime, og som vi hadde reist i frå.

Innvandrarar i bygda

Vi la på mange måtar barndomen bak oss då vi reiste frå ville, vakre og verharde Nordfjord. Vi frå Vågsøy var som innvandrarar å rekne i Sauda. Vi var dei med rullande r-ar, rar dialekt og dårlege skiferdigheiter. Fyrste gong eg var på ski i Svandalen, var det nokon som song «bedre og bedre dag for dag» då dei såg meg komme rullande nedover. Betre blei det, heldigvis. Snart hadde vi òg strekkbukse, nylonanorakk, treski med stålkantar og stod heile vegen frå Djuvsbotn og ned til dalen.

Annleis: Mykje snø og skigåiing var noko nytt for den unge Jarl Wåge.  Foto: privat

Vi òg andre hybelbuarar var outsidarar på mange måtar, og vi blei vel aldri heilt integrerte. Innfødde skulekameratar hadde eit naturleg miljø som dei hadde vakse opp og levd i. Dei hadde leika i lag, gått på skule saman tidlegare, vore i idrettslag og andre lag og foreiningar saman. Dei kjende foreldra til dei andre og hadde gått ut og inn hos kvarandre. Dei var etablerte på alle moglege måtar. Det var akkurat dette vi andre hadde reist i frå. Så vi måtte rett og slett skape oss eit nytt miljø. Difor blei det ganske vanleg at vi hybelbuarar heldt mykje i hop og gjekk på besøk til kvarandre.

Men for all del. Vi blei godt tekne imot, men det var opp til oss sjølve å lage innhald i det nye livet vårt. Eg hadde mange gode skulekameratar frå bygda og var med i både i leikarring og i IOGT. Eg var ikkje på besøk heime hos mange skulekameratar. Men Gud hjelpe meg kor stas det var å bli invitert med nokon heim. Det å kome inn i ein skikkeleg heim og få servert heimelaga mat, var ein bit av himmelrik.

Kultursjokk

Det var nesten eit kultursjokk å komme til Sauda, ei bygd heilt innerst i ein fjord. Det fyrste eg la merke til då eg kom dit, var fjella. At det verka innestengt. Og den enorme fabrikken som spydde ut røyk dag og natt. Som gjorde at når sola var framme, såg ho ofte ut som ein raud tomat. Om vi tok turen opp i høgdene, låg røyken som eit teppe og skjulte bygda.

I Sauda selde dei øl og vin på kaféane! Det var overraskande for oss som kom frå ein stad der folk måtte bestille øl i kasser og skrive heim sterkare drikkevarer frå Polet i Bergen. Miljøet var òg tøffare enn der eg kom i frå. Eg hugsar ein episode der ein sjømann knuste eit ølglas mot bordet og skar opp andletet til ein han kom i krangel med.

Mange av oss hybelbuarane åt middag på Kafé Kløver fleire dagar i veka. Vi kjøpte bongar og fekk billeg middag. Då kunne vi bli sitjande i timesvis og prate, og utsetje å gå heim til hybelen.

Klasseskilje

Ytre Nordfjord var ein overvegande borgarleg region. Det var mange som var sysselsette med fiskeri og foredling av fisk. Mange blei rike, men sjølvsagt var det mange som levde i svært trange kår. Generelt sett tenkte vi vel ikkje over i oppveksten at det var reelle klasseskilje.

Difor var det ein stor overgang å komme til ein stad der vi fort oppdaga tydelege klasseskilje. I Sauda kunne vi identifisere ei klar og tydeleg arbeidar-, middel- og overklasse. Sjølv om det ikkje var heilt gjennomført, budde dei til og med på ulike stadar i bygda. Heime i Vågsvåg var det ein som flagga 1. mai. I Sauda var det opptog, knytta nevar, raude fanar og kampsongar. Noko som både fascinerte og skremte eit gudsord frå Ytre Nordfjord.

Denne skilnaden såg vi òg oss ungdommar imellom. Det blei dei og oss. Vi som gjekk på vidaregåande, og dei som ikkje gjorde det. Særleg vi «innvandrarane» fekk stadig slengt «sossen» etter oss. Dette verka underleg, for vi følte oss langt ifrå som soss. Det var verkeleg knapt med pengar. Vi fekk ein viss sum i månaden, og det måtte vi klare oss med. Dermed basta.

Laurdagskveldane var det dans på Folkets Hus. I timesvis sleit vi skorne på dansegolvet. Der òg kunne det gå røft føre seg med langt hyppigare slosskampar enn det vi vågsøyværingar var vane med.

Sauda hadde ein aldeles fabelaktig kino. Ein av dei mest moderne i Noreg. Kino blei difor eit fast innslag på kulturfronten.

Sauda gymnas

Eg har blitt spurt om skulen gjorde noko spesielt for å ta imot og få integrert oss tilreisande. Han hjelpte sikkert ein del med å finne hybel. Utover det kan ikkje eg kome på nokon ting. Ingen bli-kjent-arrangement, inga fadderordning der eldre elevar hadde ansvar for å vise oss til rette og introdusere oss til ulike sider av Sauda-samfunnet. Vi måtte ganske enkelt finne ut av ting sjølve.

Tilbakeblikk

Det fyrste som slår meg kvar gong eg tenkjer på dei tre åra i Sauda, er kor uendeleg langt det var dit, og kor rart det var at vi enda opp i ei bygd vi ikkje ante noko om. Eg tenkjer på reisene. På røyken. Den digre fabrikken. Den fine dialekten. På ordentlege vintrar der snøen løg i månadsvis. Vintrar som opna auga for gleda ved å gå på ski. Vintrar som hadde juleferie i seg.

Eg tenkjer på dansane på Folkets Hus. Om korleis vi smurde oss inn med vaselin i solbrende fjes så det glinsa når vi skulle på dans etter påske. På lyseblå nylonskjorter som framheva brunfargen. På gode vener, hybelbesøk, lange ettermiddagar på Kløver, grisefest (starten på russetida) på Sauda Fjordhotell der alle jentene stilte i like, mørkeblå blusar og fotside, raude skjørt. På eksamen, og at vi reiste tilbake til bygda då sensuren hadde falt for å ta imot vitnemål og ta på oss studentlue; desse rare, svarte luene med ein stor dusk som blei festa på skuldra. Omtrent det siste vi gjorde i før vi la Sauda bak oss.

Sauda fekk låne ungdommar frå Vågsøy i mange år. Vi var med på å påvirke bygda dei tre åra vi var der, og bygda påvirka oss.

Tre viktige år i livet vårt.