Gjekk til topps i fotokonkurransen

Vi har no trekt fire vinnarar i fotokonkurransen #fjtsommar.

Instagram-brukaren @torrags har delt dette flotte bilete frå Vetvika i Bemanger med Fjordenes Tidende. Dette er vinnarbilete i vår fotokonkurranse #fjtsommar.  Foto: @torrags

Kultur

Vinnarane i konkurransen er Instagram-brukarane @torrags, @annelisesolheim og @kataardal, samt Svein-Magne Tunli som har sendt inn sitt bidrag til sommarfotokonkurransen på fjt@fjt.no.

Vinnaren, som får eit GoPro-kamera, er @torrags som har sendt inn eit bilete frå Vetvika i Bremanger. I bildeteksten har torrags skrive «I love Bremanger» og «There is no place like home».

Dei tre andre vinnarane får ei overrasking i posten. Ei av desse er Anne Lise Solheim. Ho har delt eit bilete frå Selja. I bildeteksten står det «Alettas fine sommarønske til ønskebrønnen på Selje kloster: At koronaen i verden skal gå over!». Eit ønske vi nok alle kan seie oss einige i.

Ei anna som har delt eit flott sommarminne med Fjordenes Tidende er Instagram-brukaren @kataardal. Ho har delt biletet kalla «Hestelykke».

Det siste sommarebiletet vi har plukka ut kjem frå Svein-Magne Tunli. Han sat i feriehuset sitt på Husevåg og såg plutseleg fleire kvalar ute i fjorden. Han kasta seg i båten og fekk oppleve kvalane på nært hald. Tunli anslår at det var 40–50 kvalar denne kvelden. – Saman med ein vakker solnedgang vart dette ei oppleving for livet, skriv fotografen om biletet.

Mye hval i fjorden utenfor Husevåg i solnedgangen i kveld. Satt i feriehuset mitt i Husevåg og så masse hval ute fjorden. Kastet meg i båten og tok turen ut til Hovdeneset fyr hvor hvalen hoppet rundt båten i solnedgang. Antar det var 40-50 hval. Sammen med en vakker solnedgang ble det en opplevelse for livet!  Foto: Svein-Magne Tunli