Opnar ny utstilling i Måløyraidsenteret

Veteranane håpar folk møter opp for å skape blest rundt ein viktig del av etterkrigshistoria

Fredag 4. september er det klart for offisiell opning av visningssenteret over historia til Tysklandsbrigaden i Måløyraidsenteret. Det er oberstløytnant Knut Are Bakke, sjef for HV11, som skal klippe snora og veteranar frå brigaden er inviterte som spesielle gjester.

Fredag 4. september er det klart for offisiell opning av visningssenteret over historia til Tysklandsbrigaden i Måløyraidsenteret. Det er oberstløytnant Knut Are Bakke, sjef for HV11, som skal klippe snora og veteranar frå brigaden er inviterte som spesielle gjester. Det fortel Reidar Høyset (t.v.) og Odd Oldeide, som har arbeidd med å få utstillinga på plass.   Foto: Svanhild Breidalen

Kultur

Veteranforeininga i Sogn og Fjordane overtok arbeidet med å få i stand utstillinga i 2015 etter at eit lokalt styre også hadde jobba med ideen og planane sidan 2008. Og leiar i veteranforeininga, Reidar Høyset, meiner det er på høg tid at historia om Tysklandsbrigaden blir løfta fram i lyset.

– Det er faktisk i 12. time at vi får på plass dette visningssenteret. Det måtte skje akkurat no elles ville det vere for seint – for det er ikkje mange igjen av tidsvitna som var i Tyskland med brigaden. Og dei som framleis er her har nådd høg alder. Men Tysklandsbrigaden er jo den første fredsbevarande styrka Norge sendte ut. Og totalt var det 50.000 mann involvert. Det er viktig for oppveksande generasjonar å få innblikk i denne historia, seier han til Fjordenes Tidende

I den nye utstillinga i fjerde etasje ved Måløyraidsenteret vil publikum kunne få oppleve både film, bilde, gjenstandar og historiske dokument frå tida då Norge, og Sogn og Fjordane, var involvert i det fredsbevarande etterkrigsarbeidet gjennom Tysklandsbrigaden.

Det er oberstløytnant Knut Are Bakke, sjef for HV11, som skal stå for den offisielle opninga klokka 13, fredag 4. september. Det vil også bli helsingar og underhaldning ved Kinn kulturskule, avdeling Måløy. Etter at den nye utstillinga er opna blir det omvising i visningssenteret for inviterte gjester, som er veteranar frå Sogn og Fjordane med følge.

– Vi hadde sett pris på om folk møtte opp og fekk med seg denne hendinga, seier Høyset, som håpar opninga kan vere med på å skape litt liv og røre i Måløy sentrum på ein fredag.

Måløyraidsenteret har elles vanlege opningstider, så det vil også vere mogleg for publikum å få sjå utstillinga etter at gjestene har hatt omvisning.