Går for ein litt annleis Kom deg ut-dag

Fleire kommunar arrangerer Kom deg ut-dag denne helga, men grunna koronasituasjonen er det litt annleis opplegg.

Kom deg ut: BIldet er frå ein Kom deg ut- dag i 2019. I år blir annlegget litt annleis fleire stader.  Foto: privat

Kultur

6 september inviterer Barnas Turlag Vågsøy til ein litt annleis Kom deg ut-dag.

– Vi skal til Holvik Gård. Dette er fordi DNT i år har fokus på berekraft, som jo kan vere veldig mykje. All berekraft startar ein plass, i små og store format, og på Holvik Gård driv dei mykje med nettopp dette. Kanskje både små og store kan lære mye og se hvordan ting fungerer i et lite format, samtidig som vi har det kjekt ute? skriv turlaget.

Det blir ikkje servering, men om vêret tillet det, vil ein fyre opp bålpanner og så kan ein ta med seg mat og utstyr til grilling om ein vil. Det blir også leiker og aktivitetar. Føresette har ansvar for eigne barn sin tryggleik og smittevern.

I Selje arrangerer Barnas Turlag Selje sykkeltur til Skårbø 6. september.

– Vi møter i parken i Selje sentrum og syklar i lag. Det vil bli quiz på vegen utover. Leik og moro i fjøra, og trekking av premiar på quizen. Alle tar med eigen mat og drikke, eventuelt grillmat. Vi stiller med grillmoglegheiter, skriv turlaget, som understrekar at alle barn må ha med seg ein vaksen på arrangementet.

Grunna koronasituasjonen har Barnas Turlag Stadlandet valt å gå for ei individuell løysing i år, og oppmodar folk om å ta turen mellom 4. og 6. september.

– Det er komen ei ny postkassa på ein flott stad som vi håpar flest mulig vil besøke denne helga, og de vel sjølve om de vil gå ilag med fleire eller aleine. Postkassa står ytterst på Sundsøyra. Ein flott fottur frå ytterst i Borgundvågen langs fjæra utover ved foten til Revjehornet. Heile turen ut tek cirka 30 minutt, skriv turlaget, og legg til:

– Skriv namnet ditt i turboka som ligg i postkassa. Vi trekker 20 heldige vinnarar!

Send oss gjerne bilder frå utedagen! Du kan merke bilda med #fjtno på instagram eller sende til fjt@fjt.no.