Under festivalveka Spel norsk kan du få med deg nær 30 ulike arrangement

Festivalveka Spel norsk går av stabelen 13. – 20. september, og denne veka kan du få med deg nær 30 ulike arrangement over heile kommunen, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Stad kommune inviterer: Det er Janne Mari Hjelle (f.h.) som er festivalkoordinator og som går ut med invitasjon til Spel norsk-festivalen til alle som driv med song og musikk. Her er ho saman med ordførar Alfred Bjørlo (t.v. for Hjelle) og andre i kulturavdelinga saman med nokre av dei som kjem til å vere med på festivalen.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

Stad kommune er i 2020 ein av seks kommunar i landet som deltek i den landsdekkande festivalen Spill norsk, som går av stabelen i løpet av september. I Stad kommune heiter festivalen Spel norsk, og går føre seg frå 13. – 20. september.

Covid 19- utviklinga i mars gjorde at den opphavelege festivalveka 23. – 29. mars måtte utsetjast, men no er Stad igjen klare til å feire det norske musikklivet og inviterer til nær 30 ulike festivalarrangement. Det er eit vidt spenn i både sjanger, kvar hendingane skjer og kva aldersgruppe dei passar for. Fellesnemnaren er at alle har norsk musikk i fokus.

I Stad har ein lagt vekt på å invitere og inkludere det rike lokale musikklivet som allereie er her. Alle aktørane som deltek i løpet av festivalveka er lokale, og viser eit breitt spenn av sjangrar. Du kan oppleve alt i frå viser og bakst, spelemannslag og bluegrass-konsert til låtskrivarkurs for ungdom og kulturskulekonsertar.

Andre er også med på alternative måtar for å heidre den norske musikken. I løpet av festivalveka kan du både vere med på yoga med norsk musikk, visningar av Melodi Grand prix- finalar, og både treningssenter og butikkar spelar norsk musikk i lokala sine. Ei rekkje barnehagar er også med, og syng og spelar gjennom heile festivalperioden. Festivalen har også eit digitale arrangement. Eldreinstitusjonane får tilbod om ein digital konsert, og har du ikkje anledning å reise på yoga på Stadlandet, kan du følgje desse timane på stream!

Fakta om Spill norsk

Spill norsk-festivalen er eit samarbeid mellom NOPA, Norsk Komponistforening og lokale arrangørar, og skal setje fokus på norsk musikk – på alle språk og innan alle sjangeruttrykk.

Festivalen skal heidre norske låtskrivarar og tekstforfattarar, og vise breidda i norsk musikk. Målet er å byggje opp fleire lokale arrangement der publikum kan møte eit stort mangfald av norsk musikk i alle sjangrar, og med både barn, ungdom og vaksne som aktørar.

Festivalen er til for at publikum skal kunne få oppleve meir av all den norske musikken som finnast, i tillegg til at den skal vere ei inspirasjonskjelde for musikkutøvarane sjølve. Dei seks kommunane som deltek i 2020 er Alta, Åfjord, Lyngdal, Nesodden, Røst og Stad. Det er tredje gong festivalen arrangerast i Noreg, men fyrste gongen Stad kommune er med.