Sunnivaleia kan bli utvida til å inkludere Stad og Ervik

– For meg har det vore ein draum heile tida å utvide vandringa og ta med Stad og Ervik, seier pilegrimsprest Kari Leine Balog, som presenterte Sunnivaleia på eit seminar på Sunnivafestivalen 2020 i Bergen.

Sunnivafestivalen 2020. Seminar ved Bymuseet i Bergen. Pilegrimsprest Kari Leine Balog vert intervjua av seniorrådgjevar Ragna Sofie Grung Moe ved Bjørgvin bispedøme om Sunnivaleia frå Kinn til Selja. På skjermen ser ein bilete frå ei gudsteneste i Sunnivahola.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

På seminaret ved Bymuseet viste pilegrimspresten frå Måløy bilete frå Sunnivaleia, og fortalte om arbeidet med leia og om vandringane som går mellom Kinn og Selja. Ho sa at det kan kome på tale å vandre også på Stadlandet, der det vil vere godt å gå for pilegrimane.