Legg opp til at fylkes-UKM neste år skal gå av stabelen i Måløy og Voss

Fylkesfestivalen blei avlyst i 2020 grunna korona, men fylkesdirektøren i Vestland rår no til at neste års fylkesfestival, skal gå av stabelen på dei to stadane dei var planlagt i 2020.

Planlegg ny festival: Då Vågsøy kommune arrangerte UKM-festival for heile fylket i 2019, kom det godt med publikum.   Foto: Fjordenes Tidende

Kultur

Forslag til vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og integrering 16. september handlar om at det skal bli arrangert to fylkesfestivalar i Ung Kultur Møtest (UKM) i Vestland i 2021, éin med deltakarar hovudsakeleg frå tidlegare Hordaland, og éin for deltakarar hovudsakeleg frå tidlegare Sogn og Fjordane.