Kraftselskapet har lyst ut sine årlege 75.000 kroner til kulturlivet

Kvalheim Kraft utlyser 75.000 kroner til lag og organisasjonar i tidlegare Vågsøy kommune. Søknadsfrist er 20. september.

Gir: Dette er gjengen som mottok midlar i fjor saman med dåverande ordførar Kristin Maurstad (t.v.) og Eivind Fuglum frå Kvalheim Kraft.  Foto: privat

Kultur

Kvalheim Kraft lyser ut sine årlege 75.000 kroner som lag og organisasjonar i tidlegare Vågsøy kommune kan søke på.

Tilskotet er for lag og organisasjonar som driv med kulturarbeid, men Kvalheim Kraft presiserer at desse midlane ikkje skal gå til dagleg drift.

For 2020 er det framleis berre tidlegare Vågsøy som kan søke, men frå 2021 vil lag og organisasjonar i heile Kinn kommune kunne søke tilskot, opplyser selskapet.