Gjekk inn i siste Spel norsk-helga med stor kulturskulekonsert

På søndag har Stad kommune feira Spel norsk-festival ei heil veke til ende. Siste festivalhelg starta med kulturskulekonsert i Gamlebanken.

Spel norsk. Konsert med elevar ved Stad kulturskule i Kulturhuset Gamlebanken.   Foto: Siri Kolseth

Kultur

Det var rikhaldig program og mange som ville delta då Stad kulturskule spelte opp til fest i Gamlebanken på Nordfjordeid laurdag.