Etterlyser fleire tilsette for å kunne gi eit godt nok kulturskuletilbod

Då elevane i ytre del av den nye kommunen skulle melde seg på, var det ingen plassar igjen i kulturskulen

Det er stor forskjell på lovnadane som vart gitt for kulturskulen før kommunesamanslåinga mellom Eid og Selje, og det som er realitetane i dag, seier personar som har kontakta Fjordenes Tidende om skeivfordelinga.

Treng fleire tilsette: Rektor ved kulturskulen i Stad, Benedikte Dæmring, saknar fleire tilsette for å møte behovet i dei andre delane av kommunen. BIldet er frå Eidamessa i 2019 er såleis ikkje direkte knytt til denne saka.   Foto: Siri Kolseth

Kultur

I forkant av kommunesamanslåinga mellom Selje og Eid, var tonen at kulturskuletilbodet skulle bli likeverdig i begge dei tidlegare kommunane, meiner foreldre Fjordenes Tidende har snakka med. Tanken var at alle frå den tidlegare kommunen i ytre, samt Bryggja og Maurstad, skulle få moglegheita til å delta på lik linje som dei frå Eid.