For dårleg vêr

Må avlyse jubileumsmarkering og konsert på kort varsel

I dag, søndag 20. september, skulle endeleg Torskangerpoll Musikklag få markere 100-årsjubileet sitt med samling på Gravdal skule, korpsmusikk og utstilling. Men det går ikkje. Vêret er for dårleg.

I dag, søndag, skulle endeleg Torskangerpoll Musikklag får markere 100-årsjubileet sitt med samling på Gravdal skule, korpsmusikk og utstilling. Men det går ikkje. Vêret er for dårleg.  Foto: privat

Kultur

- Vi blir nøydde til å avlyse. Vêret er for dårleg, og det er meldt at det skal bli endå verre, seier leiar i musikklaget, Johan Wåge.

Dei er leie seg for at det blei avlysing på så kort varsel, men dei ser seg nøydde til å gjere det.

Så dagens jubileumsopplegg er avlyst, og korpset vil kome tilbake med meir informasjon om når dei kan klare å sette opp igjen jubileumsmarkeringa.