Halvparten av elevane ved skulen speler fiolin

– Det neste steget blir å få til eit juniorlag

I 2014 starta Thomas Hals, rektor ved Kjølsdalen Montessoriskule, fiolinøvingar for barne- og ungdomselevane ved skulen. Seks år seinare speler halvparten av elevane ved skulen fiolin.

Sommaravslutning: Kulturskulelærar Olga Pavlova, ytst til høgre, dirigerer dei fleste av fiolinelevane sine under ei sommaravslutning i juni 2020.  Foto: privat

Kultur

– Hausten i 2014 sette eg i gang med fiolinøvingar der elevane ved Kjølsdalen Montessoriskule fekk prøve seg. Innan skuleåret 2016/2017 var det blitt stor interesse blant elevane på skulen, og då heldt det ikkje at eg på eiga hand skulle lære opp 16–17 barn samtidig, så da kontakta eg kulturskulen om eit mogleg samarbeid, fortel Hals.