Hilde finn inspirasjon til historiene sine i nær kontakt med natur og dyr

Då Hilde Myklebust (41) var lita ville ho verte forfattar og vart oppmuntra til å skrive. No er ho ute med si åttande bok, ei ny biletbok om natur og barn. Og det er nettopp nær naturen Hilde finn inspirasjon.

Trivst nær naturen: På garden i Syltedalen driv Hilde Myklebust og familien med sau og geiter. Der kjem forfattaren nær naturen.   Foto: privat

Kultur

Den nye boka Ylva og villgeitene bygger på ei historie frå Ytre Fure, og ei oppleving forfattaren hadde saman med familien då dei møtte på ei villgeit som kjea i fjæra. Geita sprang sin veg, men kjea vart liggande igjen, og Hilde Myklebust tok dei to små under jakka og gjekk til geitebonden.