Gjer dei siste førebuingane før denne vekas musikalpremiere

Opera Nordfjord gjer i desse dagar dei siste førebuingane før premieren på musikalen Mannen frå La Mancha komande onsdag.

  Foto: Siri Kolseth

Kultur

Det er første gong Opera Nordfjord set opp ein musikal som hovudproduksjon. Det er Aksel-Otto Bull frå Oslo som er regissør, mens Michael Pavelich har den musikalske leiinga. I hovudrolla som Don Quijote syng Espen Langvik. Asbjørn Hagen og Simon Standal Pavelich frå Nordfjordeid, som har tatt musikalutdanning, har fått roller, og det er fleire lokale amatørar som er med og syng.