Sjå kva alle dei lokale talenta bidreg med

Har gjort dei siste førebuingane og er klare for premiere i dag

Med ein streng plan for smittevern gjer Opera Nordfjord klar for musikalen Mannen frå La Mancha. Og som vanleg er det eit stort batteri med menneske som er i sving for å realisere prosjektet.

Onsdag kveld er det premiere på musikalen Mannen frå La Mancha ved Opera Nordfjord. Mellom dei som er med herfrå er musikalsk leiar Michael Pavelich og operasjef Kari Standal Pavelich, koreograf Candice Bredesen, songarane Simon Standal Pavelich, Rønnaug Torheim, Håvard Kvammen Furnes, Paul Jacob Helgesen, Asbjørn Hagen, og statistane Berner Midthjell og Erlend Åshamar Eriksen.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

Mellom anna har elevar ved Eid vidaregåande skule gjort mykje arbeid med kulissar. Og nyleg jobba klassen interiør- og utstillingsdesign, der Serena Ocasiones Lillestøl frå Nordfjordeid og Sunniva Melheim Melvær frå Måløy går, med overflatebehandling av kulissar.

Elevane Martin Vedvik Hestdal frå Måløy og Anette Lunde frå Selje har laga trappa med litt rettleiing frå lærar Bjarne Eriksen og scenemeister Kristian M. Sætren.

Industriteknologi: Mellom andre Martin Vedvik Hestdal, Måløy (t.v. i trappa), og Anette Lunde, Selje, har laga trappa. Lærar Bjarne Eriksen (t.h.) og scenemeister Kristian M. Sætren (heilt t.v.).   Foto: Siri Kolseth

Og i systua er dei 20 personar med dugnadsleiar Anne Regine Sønderland og Anne Gotaas, som leier arbeidet med kostymene.

På dugnad: Det er tjue personar i systova, mellom dei Kristin Viksøy Sande (f.v.), Adrian Haustveit Kronstad, dugnadsleiar Anne Regine Sønderland og Inger Øyre.  Foto: Siri Kolseth

Profesjonelle: Anne Gotaas leiar arbeidet med kostymene på systova, og har mellom andre med seg kostymesyar Caroline Evju (bak).  Foto: Siri Kolseth

Sceneøvingar

.Denne veka er det øving på scena i Operahuset Nordfjord, og produksjonen kjem på plass for Broadway-musikalen på nynorsk som skal ha premiere på onsdag.

Operasjef Kari Standal Pavelich seier at stykket som vert sett opp er ekstremt gripande.

– Eg har gråte mine modige tårer medan eg har lest manus, seier operasjefen, som ventar at publikum kan kome til å gå ut av salen med tårer i auga på dei åtte framsyningane som er sett på plakaten.

Lokale: Mellom dei som er med herfrå er musikalsk leiar Michael Pavelich og operasjef Kari Standal Pavelich, koreograf Candice Bredesen, songarane Simon Standal Pavelich, Rønnaug Torheim, Håvard Kvammen Furnes, Paul Jacob Helgesen, Asbjørn Hagen, og statistane Berner Midthjell og Erlend Åshamar Eriksen.  Foto: Siri Kolseth

Har flytta inn i Operahuset, og er i full sving med øvingar til musikalen

Det er duka for Broadway-stemning i Operahuset Nordfjord, når sceneteppet går for Mannen frå La Mancha på premieren 30. september.


Store og høge kulissar

Kari Standal Pavelich seier at musikalen får store sceneelement, som er trekanta søyler malt i forskjellige fargar. Dei skal utgjere forskjellige rom når dei vert trilla rundt , Dette er etter ein gamal sceneteknikk, og slike søyler vart brukte i barokken.

Opera Nordfjord: Snart vert det musikal i Operahuset Nordfjord. Det pågår songøving og ein arbeider med scene, kostyme og masker som skal på plass til premieren. Denne musikalscena er avsluttinga i oppsettinga av Mannen frå La Mancha og songen The Impossible Dream har på nynorsk fått tittelen Den fåfengde draumen.  Foto: Siri Kolseth

– Det er lagt inn i regien at solistane er med på sceneskifta. Dei må øve inn at dei flyttar på bord, stolar og element, og det går veldig fint, seier Standal Pavelich.

Bakveggen til scena er åtte meter høg, og det er elevar ved Eid vidaregåande skule som har laga ei bakramme i aliminium og dessutan ei lang trapp. Også overflatebehandling av dei store kulissane er det elevar som har stått for.


Vil lage Broadway-stemning

– Vi er endeleg klare til å gje publikum etterlengta scenekunst

Det er duka for Broadway-stemning i Operahuset Nordfjord, når sceneteppet går for Mannen frå La Mancha på premieren 30. september.


Første musikal

Det er første gong Opera Nordfjord set opp ein musikal som hovudproduksjon. Det er Aksel-Otto Bull frå Oslo som er regissør, mens Michael Pavelich har den musikalske leiinga. I hovudrolla som Don Quixote syng Espen Langvik. Asbjørn Hagen og Simon Standal Pavelich frå Nordfjordeid, som har tatt musikalutdanning, har fått roller, og det er fleire lokale amatørar som er med og syng.

– Dette har vore favorittmusikalen til Michael heilt sidan han gjekk på high school, fortel Kari Standal Pavelich. Ho seier at stykket er veldig morosamt, veldig grovt og brutalt, og veldig djuptgripande. Men det er ikkje ein musikal for barn, legg ho til.

Rekvisittar: Anndi Bergset som har ansvar for rekvisittar, gjer klar både sverd, skjold og mykje anna til kampane.  Foto: Siri

Strengt smittevern

Operasjefen seier at alt arbeidet med musikalen har veldig strenge reglar i høve smittevern mot korona.

– Vi har også eit strengt smittevern for publikum. Alle vil få ein mail med informasjon om kva ein kan forvente seg når ein kjem til musikalen. Her vert dispensarar med antibac, det skal haldast ein meter avstand og det vert vakter som vil passe på, seier Standal Pavelich.

Det er elles eit viktig poeng at det skal vere minst mogleg mingling, og dei som kjem vert oppmoda om å halde seg saman med familie eller den gruppa ein måtte høyre til.

– Vi må vere veldig strenge. Vi kan ikkje risikere at nokon vert sjuke, og at vi må avlyse, seier operasjefen.

Ho har plass til 200 personar på kvar framsyning.

Kjem tilbake: Operasjef Kari Standal Pavelich har også denne gongen med songarane Jan Erik Fillan (t.v.) og Trond Gudevold.  Foto: Siri Kolseth

Frå hovudstaden: Regissør for musikalen er Aksel-Otto Bull (t.v.) som her jobbar med songarar i musikalen.  Foto: Siri Kolseth

Kjende ansikt: Eidarane Asbjørn Hagen (t.v.) og Simon Standal Pavelich er nyutdanna på musikalfronten og har fått roller som eseldrivarar. 

Ine har tidlegare vore i operahuset som orkestermusikar, no skal ho tilbake i ei nyoppretta stilling

Ine Nord frå Nordfjordeid er tilsett som produsent i Opera Nordfjord.