Imponerte eit utseld operahus med musikalpremiere

Onsdag kveld var det premiere på Opera Nordfjord si oppsetting av musikalen Mannen frå La Mancha. Lokale og profesjonelle aktørar imponerte dei frammøtte.

Lokale og profesjonelle aktørar henta stor applaus etter premieren på Opera Nordfjord si oppsetting av musikalen Mannen frå La Mancha.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

Det er første gong Opera Nordfjord set opp ein musikal som hovudproduksjon. Det er Aksel-Otto Bull frå Oslo som er regissør, mens Michael Pavelich har den musikalske leiinga. I hovudrolla som Don Quijote syng Espen Langvik.