Speler på songkveld i kveld

Hans og Eva vil synge, spele og dele erfaringar frå tida dei var aktive i teneste i Nordfjord

Torsdag 1. oktober er det ny Songkveld i regi av Holmely. Men grunna plassrestriksjonar leiger dei Fjordly denne hausten.

Torsdag 1. oktober er det ny Songkveld i regi av Holmely. Men grunna plassrestriksjonar leiger dei Fjordly denne hausten.   Foto: privat

Kultur

I kveld kjem Eva og Hans Gjesdal frå Toten på Songkveld. Dei vil dele song og musikk med folket dei arbeidde blant på 60 -talet, i dåverande Nordfjord Indremisjon, med ungdomsarbeid og forkynning.

– Eva og Hans har på sine eldre dagar spelt inn ein cd «Det strøymer ei livselv av lukka» som mange har fått gleda seg over. Dei vil syngje, spele og dele erfaringar og mimre frå tida dei var aktive i teneste her i fjorden. Varmt velkomen, seier arrangørane.

Mange kjenner også behov for eit pusterom. Ein stad å trekkje seg tilbake, få tid til stille og ettertanke, påfyll og nytt mot.

– Holmely er ein slik stad – eit pusterom i kvardagen. Ein plass å møte seg sjølv og Gud, midt i livet sine mange fasettar.

Langhelga 08. – 11. oktober blir det arrangert ny retreat med tema «For hos deg er livsens kjelde» henta frå Salme 36.

– Retreaten blir leia av Marit og Audun Aase, som var prestefolk i ein lang tidsbolk i tidlegare Vågsøy kommune. Dei har leia retreatar tidlegare hos oss og vi ser fram til fredfulle og gode haustdagar med god og levande formidling av livsnære tema gjennom Marit og bibeltekstar gjennom Audun. Det er enno nokre ledige plassar!