Regjeringa gir 470.000 ekstra til Opera Nordfjord

– Eg håpar og trur dei ekstra midlane som no kjem gjer at dei vågar og maktar å satse vidare

Regjeringa løyver 470.000 kroner ekstra til Opera Nordfjord for første halvår 2021, som del av ein samla pakke for å stimulere til aktivitet og publikumstilbod ved viktige kulturinstitusjonar i heile landet.

Regjeringa løyver 470.000 kroner ekstra til Opera Nordfjord for første halvår 2021, som del av ein samla pakke for å stimulere til aktivitet og publikumstilbod ved viktige kulturinstitusjonar i heile landet. Her eit bilde frå premieren på musikalen Mannen frå La Mancha onsdag 30. september.   Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Opera Nordfjord er eit godt døme på korleis kulturlivet over heile Norge har sørga for å svinge seg rundt og halde oppe aktivitet og tilbod i ei vanskeleg tid. Eg er veldig glad for at Regjeringa no aukar tilskota til museum og musikk- og scenekunstinstitusjonar over heile landet med 200 millionar kroner for første halvår 2021, og at Opera Nordfjord er mellom dei som får glede av dette, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja (V).